Skal bonden inn på rødlista - lista over utryddingstruede arter?

Småkraft har sammen med grunneierne søkt konsesjon for småkraftverk i Eitreneselva i Sognefjorden. Basert på høringsuttalelsene har grunneier Harald Koldingsnes og kona hans Else Menes skrevet et innlegg i Sogn Avis 25 mai som gir et godt inntrykk av hvordan uforstand blir til motstand.

 

Er småkraftutbygging verdiskapande - eller berre øydeleggjande?

Som grunneigarar og potensielle småkraftutbyggjarar ,fekk me for nokre dagar sidan tilsendt høyringsfråsegnene frå NVE , vedrørande søknad om konsesjon for utbygging av Eitreneselvi kraftverk. Det er etter denne lesnad eg finn det naudsynt å gje nokre få kommentarar.

For å ta det positive fyrst, det er så fort gjort. Kjekt å sjå at kommune og fylkeskommune er positive til utbygging , og på den måten viser at politikarane evnar å sjå den lokale verdiskaping dette gir. At dei har merknader til planane , og stiller krav til at utbygging skal skje på ein ryddig og fin måte for å skåne landskap ,har me forståing for.

Dei resterande instansar som har gitt uttalar er Fylkesmann, Naturvernforbundet og Turlaget. Nokre av konsekvensane av ei eventuell utbygging vil etter deira syn,fritt tolka, bli som fylgjande:

Eitrefossen har etter at planar om kraftutbygging kom på bordet, vorte eit landemerke i Sognefjorden. Søresidingar med fri utsikt til dette spektakulære synet vil få forringa livskvalitet når fossen forsvinn, og aldri vil vise seg att. Dette beklagar me sjølvsagt! Trøysta får vera at i periodar med høg vassføring vil nok fossen vera synleg også etter ei eventuell utbygging, då det ikkje er planlagt noko stort basseng for oppsamling av overskotsvatn. Dessutan er dei nok vane med at fossen også i dag er borte i lange periodar, alt etter snøforhold i fjellet og nedbørsmengde. Fossen renn ikkje på gjennomsnittsvassføring, slik det kan sjå ut til at enkelte trur.

Turistane som ferdast på fjorden ,for å besøkje Verdsarvfjorden inst i Sognefjorden ,vil truleg snu ved Kongsnes i frustrasjon over at Eitrefossen , som dei verken har høyrt eller sett noko om før, er vekke. At Sylvarnesfossen, etter eit vedtak i OED, framleis renn som Gud skapte den, er nok eit dårleg plaster på såret.

Fjordsymjarar, padlarar og elles andre som ikkje har noko forstyrrande motordur på øyra frå før, som t.d. folk i robåt, blir tvinga over på Sørsida når dei passerar Eitreneset pga at den planlagde kraftstasjonen vil sende støy utover vassflata. Som fastbuande registrerar me få av nemnde farkostar pr sommar.

Dei som passerar i dei fine lystbåtane sine vil heldigvis ikkje høyre støyen då dei bråkar langt meir sjølve. Når det gjeld ilandstiging frå båt på Eitreneset så er strandlinja her slik, utan inngrep, at det ikkje kvar dag i året, enten det er sommar eller vinter, er lurt å legga inntil. Kanskje ein kai, som ei eventuell kraftutbygging vil medføre, hadde gjort det mindre farefullt&

Næraste nabo bur i fleire kilometers avstand, og det fører ikkje eingong gangstiar frå næraste busetnad til Eitreneset, verken innover eller utover fjorden. Terrenget langs denne delen av Sognefjorden er rett og slett så ugjestmildt at det er berre hjort som ferdast her.

Steinrøysa som ligg her er eit freda kulturminne, og det er sjølvsagt teke omsyn til dette i planane slik at den ikkje vert berørd, men den vil antagelegvis få forringa kvalitet når det renn ei turrlagd elv forbi&

Alle må snu seg vekk når dei passerar på fjorden så dei slepp å sjå dammen. Denne vil ligge godt innpå kanten i 500 m høgde ,og det blir fysisk umogeleg å sjå den frå sjøen for oss med berre normalt gangsyn. Den vil sjølvsagt vere synleg for dei som går forbi i fjellet, men ikkje eingong me som grunneigarar ferdast i dette området. Unnataket er hjortejakta , og det trur eg me kan leve med.

I tillegg KAN det finnast raudlisteartar langs med elva, ymse typar mose kanskje, men ingen har hittil teke seg fram og fått sjekka dette.

Alt dette til saman gjer at "skadeomfanget ved ei utbygging vert for stort til at den kan tilrådast".

Sett ørlite på spissen er dette essensen i uttalane frå tidlegare nemnde instansar. Ført i pennen av personar som truleg også er forbrukarar av energi, men som ikkje blir heilt einige om kvar den skal komme frå. Det er få eller ingen teikn på at behovet for energi vil verte mindre i framtida. Denne utbygginga er berre eit lite bidrag til å dekke dette behovet, men mange bekker små osv...Dessutan gir dette fornybar energi utan dei altfor store inngrepa som større utbyggingar medfører.

Ingen er vel interessert i å rasere naturen, men hauste av den har menneska gjort til alle tider. At ei utbygging kan skje utan fysiske inngrep er nok umogeleg, og det vil verte sår i naturen. Kor skjemmande og øydeleggande dette vil bli kan vel heller ingen forutsjå. Det som er klart er at arbeidet vert gjort på ein mest mogeleg skånsom måte. Så har me tidlegare sett at naturen har ein eigen evne til å dekke over sår som vert skapte, enten det er av menneskehand, eller frå naturen sjølv.

At Naturvernforbundet og Turlaget uttalar seg som dei gjer er berre forventa. Det er meir skremmande at Fylkesmannen legg seg på same linje. Det er nærliggjande å tru at etter at OED sette ein stoppar for Sylvarnesutbygginga, "heng " Fylkesmannen seg på, og gjer dette til mal for alle fossar langs hovudleia av Sognefjorden.

Ingen av nemnde instansar evnar å sjå at småkraftutbygging er med på å styrkje grunnlaget for busetnad i utkantane våre.

Som eit lite sidesprang kan nemnast at dette er andre gang på 10 år at Fylkesmannen er med og reduserar næringsgrunnlaget på vårt bruk. Fyrste gongen var ved å stenge fjordlaksefisket, som har vore ei viktig næring her på garden sidan midt på 1800-talet.

Det er å håpe at desse "forståsegpåarane" innser at det er viktig å oppretthalde busetnad og bruk i utkantane før det er for seint. Desse har og ein viktig plass i det landskapet me ynskjer å presentere for besøkjande. For å få til det må dei vere med og legge til rette- ikkje verne folk i hel.

Snart står bonden øvst på raudlista- lista over utryddingstrua artar.

Harald Koldingsnes

Er du vår neste partner?

SMÅKRAFT

750 grunneiere

215 prosjekter i 87 kommuner

2400 GWh i portefølje

Nyhetsarkiv

Småkraft ansetter

Småkraft har et høyt aktivitetsnivå og vi ønsker å utvide staben med flere dedik...

Mjåvatn kraftverk

Grunneierne og Småkraft planlegg å byggje ut Mjåvatn kraftverk. Prosjektet vil nytta...

Kveaså kraftverk åpnet 13. desember

Tirsdag 13. desember kunne grunneierne i Kveaså glede seg over kraftverk i elva. Ordf&oslas...

Nyheter

Småkraft ansetter

Småkraft har et høyt aktivitetsnivå og vi ønsker å utvide staben med flere dedik...

Mjåvatn kraftverk

Grunneierne og Småkraft planlegg å byggje ut Mjåvatn kraftverk. Prosjektet vil nytta...

Kveaså kraftverk åpnet 13. desember

Tirsdag 13. desember kunne grunneierne i Kveaså glede seg over kraftverk i elva. Ordf&oslas...

Pressemeldinger

Småkraft arrangerer samling for samtlige avtalepartnere

Småkraft inviterer til grunneiersamling i Øksendalen, Sunndal kommune 27-29. juni, -Dette er den an...

Aktiviteter

Småkraft AS

Adresse: Postboks 7050, N-5020 Bergen

Besøksadresse: Solheimsgaten 15

Telefon: +47 55 12 73 20

Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq AS©2012 produkt