Småkraft AS har i løpet av 2008 fått fem konsesjonar på småkraftprosjekt fordelt på Nordland-, Møre og Romsdal- og Sogn og Fjordane fylke. Dette er gode nyheiter for grunneigarane på desse prosjekta, men også for lokalsamfunna i tilknyting til desse.
Dokkelva og Kanndalen kraftverk
4. februar sendte NVE ut positivt konsesjonsvedtak for Dokkelva og Kanndalen kraftverk i Nesset kommune i Møre og Romsdal fylke. Prosjekta ligg i Eresfjord og utnyttar vatnet frå Kanndalen og Dokkelva. Dokkelva kraftverk er berekna til 20 GWh og Kanndalen kraftverk 23 GWh, samla 43 GWh. Dette tilsvarar fornybar energi til 2150 husstandar, noko som vil overstige heile det private forbruket i kommunen.
Minstevassføringa som er pålagt i konsesjonen vil sikre at miljøkvalitetane i Nauste naturreservat (nedstraums rv. 660) og grunnvatnet i området er oppretthalde. Småkraft AS samarbeider her med 13 grunneigarar som no går spennande tider i møte.
Tjøtaelva kraftverk
Tjøtaelva ligg i Hyenfjorden i Gloppen kommune, Sogn og Fjordane fylke. Konsesjonen vart gjeven 27. mars etter ca. 2 års handsamingstid.
Prosjektet vart søkt med inntak på kote 520, men NVE gav konsesjon til å byggje anlegget med inntak på kote 400. Med minstevassføring reknar vi dette til å gje omlag 8 GWh. Grunneigarane, som i dag driv med jordbruk og industriverksemd i nærleiken av prosjektområdet, vil no kunne sikre næringsgrunnlaget på eigedommane med nytt kraftverk.
Søberg kraftverk
Småkraft og grunneigar Frithjof M. Plahte fekk 23. april konsesjon til å byggje Søberg kraftverk i Bindal kommune, Nordland fylke. Konsesjonen innebar forholdsvis strenge vilkår for minstevassføring på 400 l/s sommaren og 60 l/s vinter grunna ein foss i vassdraget. Anlegget vil bli bygd skånsamt inn i terrenget og bestå av ca. 480 m nedgrave røyr og 100 m røyr/220m sjakt i tunnel. Dette vil gje grunneigar eit miljømessig tilskot til eigedommen der han frå før av driv med blant anna jaktutleige og skogsdrift.
Stublielva
Småkraft og Beisfjord grunneigarlag fekk 29. april konsesjon til å byggje Stublielva kraftverk i Narvik kommune, Nordland fylke. Prosjektet var 11,1 GWh, men med minstevassføring på 300 l/s sommar og 35 l/s vinter viser NVE sine tal 9 GWh etter dette. Anlegget er forholdsvis greitt anleggsmessig, og mykje av den 2400 m lange røyrgata vil leggjast i/ved eksisterande skogsbilveg. Dette er første småkraftkonsesjonen NVE vedtar i Beisfjorden. Grunneigarlaget ser no fram til og eit miljøtilpassa kraftverk som vil gje ei løft for verdiskapinga i Beisfjord.
Fleire positive konsesjonsvedtak er venta utover våren!
Er du vår neste partner?
750 grunneiere
215 prosjekter i 87 kommuner
2400 GWh i portefølje
Småkraft har et høyt aktivitetsnivå og vi ønsker å utvide staben med flere dedik...
Grunneierne og Småkraft planlegg å byggje ut Mjåvatn kraftverk. Prosjektet vil nytta...
Tirsdag 13. desember kunne grunneierne i Kveaså glede seg over kraftverk i elva. Ordf&oslas...
Småkraft har et høyt aktivitetsnivå og vi ønsker å utvide staben med flere dedik...
Grunneierne og Småkraft planlegg å byggje ut Mjåvatn kraftverk. Prosjektet vil nytta...
Tirsdag 13. desember kunne grunneierne i Kveaså glede seg over kraftverk i elva. Ordf&oslas...
Småkraft inviterer til grunneiersamling i Øksendalen, Sunndal kommune 27-29. juni, -Dette er den an...
Adresse: Postboks 7050, N-5020 Bergen
Besøksadresse: Solheimsgaten 15
Telefon: +47 55 12 73 20